Lenke til arrangementet (Tilgjengelig til 15. juni)

 

Korona-novella frå april 2020 «Det er krig nå» tar for seg livet i ein fiktiv familie og ditto hyttekommune i oppstarten av denne spesielle tida me er inne i. Heidi Hjorteland er forfattar og journalist frå Suldal, og mange kjenner pennen hennar frå Stavanger Aftenblad, Hjemmet og Pårørandesenteret. Også denne novella blir lesen av Eva Bendiksen frå Ryfylkebiblioteket Suldal.

Dette er ein av åtte filmar som Ryfylkebiblioteket Suldal har laga med støtte frå Nasjonalbiblioteket. Filmane skal vera eit tilbod til alle bibliotekbrukarar i heile landet og vil liggja ute på Internett til 15. juni.

Bibliotekene i Rogaland

 

Translate »