Lenke til arrangementet (Tilgjengelig til 15. juni)

Bli med når me har høgtlesing i sauegarden. Trur du lamma likar å høyra om Bæ og Bø? Det gjer me!

Me les Bø og Bæ gjer reint og Bø og Bæ i festhumør. Desse barnebøkene er skrivne og illustrerte av Olof og Lena Landström, og dei er omsette til norsk av Ragnar Hovland.

Dette er ein av åtte filmar som Ryfylkebiblioteket Suldal har laga med støtte frå Nasjonalbiblioteket. Filmane skal vera eit tilbod til alle bibliotekbrukarar i heile landet og vil liggja ute på Internett til 15. juni.

Bibliotekene i Rogaland

Translate »