Når:
27. mars 2020@21:00-21:30
2020-03-27T21:00:00+01:00
2020-03-27T21:30:00+01:00

Lenke til arrangementet

Få ungane i seng, senk skuldrene, finn deg ein kopp te, og berre sett deg ned for å lytta. Frå og med søndag kveld inviterer eg til halvtimesøkter med høgtlesing frå Vintertonar, så lenge boka varer. Opptaket blir liggande ei stund, så om du ikkje rekk direktesendinga, vil du finna det på Facebook-sida mi.

Arrangement er både uforpliktande og gratis, men har du lyst til å bidra, set eg stor pris på donasjonar til det nyoppretta solidaritetsfondet for forfattarar i knipe: https://www.spleis.no/project/100881

Våre vener hos Forfattersentrum har tatt ansvaret med å forvalta fondet, så pengane er i dei beste hender.

Vil du heller lesa boka sjølv, finn du ho her: https://www.haugenbok.no/Skjoennlitteratur/Romanserier-eboeker/Vintertonar/I9788234000751

Eventuelt kan du senda meg ein epost på totlanders @ gmail . com, og så spritar eg hendene og signerer eit eksemplar med personleg helsing som eg kan senda i posten.

Og blir du nysgjerrig på kva anna eg har skrive, må du gjerne sjekka ut http://www.anderstotland.com

Translate »