Lenke til arrangementet (Tilgjengelig til 15. juni)

«Ein sann tjuv må kunne stele frå kven som helst!» Det kan vera tungt for ein ung tjuv å følgja i slektas fotspor, spesielt når ein ikkje har lyst til å såra nokon. Biblioteksjef Anne Mo les høgt og viser bilete frå den nydelege barnebiletboka om pølsetjuven Kjell.

Pølsetjuven er skriven og illustrert av Marianne Gretteberg Engedal. Boka vart vinnar av Kulturdepartementets biletbokpris i 2019.

Dette er ein av åtte filmar som Ryfylkebiblioteket Suldal har laga med støtte frå Nasjonalbiblioteket. Filmane skal vera eit tilbod til alle bibliotekbrukarar i heile landet og vil liggja ute på Internett til 15. juni.

 

Bibliotekene i Rogaland

Translate »