Når:
26. mars 2020@09:00-10:00
2020-03-26T09:00:00+01:00
2020-03-26T10:00:00+01:00

Lenke til arrangementet

Bli med å skrive alverboka i lag med alverforfattaren Asbjørn Rydland!

Biblioteket inviterer barn og unge til å lage bok i lag med den prislønna forfattaren Asbjørn Rydland frå Seim. Onsdag 25. mars legg Asbjørn ut første kapittel, og så inviterer vi dei unge til å levere bidrag til neste kapittel. Fram til 3. april vekslar barn og unge i Alver og Asbjørn på å skrive fram forteljinga.

Ein bibliotekar vel ut kva for bidrag som skal få vere med i boka. Alle som leverer bidrag får diplom, og det bidraget som Asbjørn likar best får eit gåvekort som kan brukast i vår lokale bokhandel.

Asbjørn Rydland er frå Seim i Alver kommune. Han vart tildelt både Nynorsk barnebokpris og Fabelprisen for serien om Drakeguten i 2012. Drakeguten vann NM i litteraturformidling. I 2017 vart Galderstjerna, første boka i Vegandi-serien, Årets ungdomsbok (U-prisen). Og no kan alverbarna skrive bok ilag med Asbjørn!

Sjå meir om opplegget og korleis du går fram for å ver med her: https://nordhordlandsbiblioteka.no/nn/news/bli-med-%C3%A5-skrive-alverboka-i-lag-med-alverforfattaren-asbj%C3%B8rn-rydland

Translate »